Jørn Kurt Bergo Ogrebs Openbaring
Om teksten
- Målgruppe: Voksne
- Karakterer: 8
- Antall sider: 128
DÜSSELDORF
eg tenkte
OGREB
ja?
DÜSSELDORF
etter alt dette
OGREB
alt dette? Ja -
DÜSSELDORF
no har vi vel eigentleg blitt litt
eg meiner, betre kjent
OGREB
jau, vi har vel det
DÜSSELDORF
eg tenkte at -
OGREB
ja
DÜSSELDORF
no som vi har blitt betre kjent
no som vi har blitt vener -
OGREB
kjent ja, vener veit eg ikkje heilt
DÜSSELDORF
kan eg be deg om
eg har jo berre deg og - ja
no er det jo uansett berre deg her
OGREB
(ser seg om, plassen er tom)
berre meg
her
DÜSSELDORF
om å hjelpe meg å stø Stamina heim
OGREB
skal eg -
eg meiner
stø henne
heim
DÛSSELDORF
ja eller til postkassane då
OGREB
ok, greitt, eg kan vel det,
eg meiner, denne gongen
DÜSSELDORF
(ser mot ein bratt skrent)
vi må over åskammen der
OGREB
er ikkje det ein omveg -
DÜSSELDORF
ikkje når vi er to, då er det
ein snarveg