«Nattasong» av Ingrid Jørgensen Dragland

Arbeidsvisning

Fredag 11. mars 2022

Ingrid Jørgensen Dragland foto Siren Høyland Sæter

Foto: Siren Høyland Sæter

Velkommen Ingrid Jørgensen Draglands "Nattasong".

Vi er i ein bygard. Natta kjem og det regnar. Det blir kanskje flaum. Katastrofen nærmar seg. 12 karakterar strevar seg gjennom natta: Ho som ikkje tør å kalle seg poet, får ikkje sove. Ho som er blind, og som treng dop for å overleve natta, går inn i ei fatal forhandling med dop-dealaren. Ho som er mor, har fått eit umogeleg omsetjingsoppdrag, men kjem nærare dottera si. Ho som har blitt enke, får besøk av sin døde mann. Ho som er elskarinne, skjønar at ho må dra vidare.

Det er ei forteljing om mennesker som prøver å finne løsninger, prøver å finne håp. Det er ei forteljing om å kome seg gjennom og å kanskje vekse litt. Det er eit forsøk på å halde fast det forgjengelege.

Skodespelarar: Even Rasmussen, Silje Breivik, Oda Alisøy, Terje Ranes, Hildegunn Riise og Kikki Stormo

Ingrid Jørgensen Dragland (1965) er utdanna skodespelar og jobbar ved Det Norske Teatret. Ho er husdramatiker ved Dramatikkens hus 2022–23 Les mer om Ingrid Jørgensen Dragland

Framsyninga er gratis.


Kalender