
Jonas Øren om: Kalokagathia
Foredrag
Tirsdag 18. april 2023
Foto: Jonas Carlsen
Vi strøymer til dramatikkenshus.no og Facebook.
Jonas Øren er dansekunstnar og interessert i å undersøke korleis sjølvet, subjektivitet og identitet er knytta til kommunikasjon, produksjon og strategisk framføring gjennom dans og koreografi. Ved å sjå til sjølv-performativitet både i og utanfor scenerommet ønsker han å spegle aspekt ved samtida og måtane vi kommuniserer på i dag. Øren har bachelorgrad i klassisk ballett og mastergrad i dans frå Kunsthøgskulen i Oslo, og har arbeida med dansen innanfor fleire kontekstar og i samarbeid med aktørar frå ulike felt.
Om Kalokagathia: Ved å undersøke aspekt ved populærkultur, kunstmarknaden og skeiv subkultur tek Øren for seg sjølvframføring og strategisk identitetsproduksjon både i og utanfor scenerommet. Ved å undersøke personleg, så vel som allmenn, forståing av kroppslege ideal, objektivisering, glamourisering og skeive performativitetsstrategiar, vil Øren bruke blant anna utdrag frå mote- og kunsthistorie, mytologi og samanhengar mellom sjølvforsvar og sjølvkreasjon. Kalokagathia er ideen om samanhengen mellom moralsk stordom og vakker utsjånad.
I foredragsserien på Dramatikkens hus inviterer vi scenekunstnere til å velge seg en kunstner eller et tema for å tenke høyt om teater og verden. Foredragsserien kurateres av Ole Johan Skjelbred og Morten Cranner.
Arrangementet er gratis.
Kalender


«HVIS DU SER MEG SÅ GRÅT» AV AMALIE MUNKGAARD OLESEN

NEW ITALIAN PLAYS AROUND THE WORLD
