Fortellerfestivalen: «Sjukepleiar Offshore» av Anne Elisebeth Skogen
Forestilling
Fredag 24. mars 2023
Sted: Dramatikkens hus
Foto: Rune Skogen
PRESENTERES I SAMARBEID MED FORTELLERFESTIVALEN.
For billetter og utfyllende informasjon, gå til fortellerfestivalen.no
Fortellermønstring: «Sjukepleiar Offshore» av Anne Elisebeth Skogen
Ei forteljarførestilling om den første kvinna som blei tilsett i Nordsjøen.
Gjennom denne forteljarframsyninga vil tilhøyrarane få møta ei ung kvinne frå den første helikopterturen hennar ut til Friggfeltet i Nordsjøen, og møtet med plattformlivet. Vidare får me følgja henne gjennom ulike utfordringar som sjukepleiar, i daglegliv og fritid, gjennom dramatiske redningsoppdrag, og sterke møte med pasientar.
Denne forteljinga er ein viktig del av vår nasjonale oljehistorie og kvinnehistorie. Me snakkar om Svanhild Rolfsen, fødd og oppvaksen i Koparvik. I 30 år arbeidde ho i Nordsjøen. Framsyninga bygger på intervju med Svanhild og arkivstoff frå Norsk Olje- og Gassarkiv.
Anne Elisebeth Skogen er utdanna lærar, med årsstudium i drama, munnleg forteljing og kristendom. Ho har arbeidd i grunnskulen, ungdomsskulen, folkehøgskule og kulturskule. Ved sida av lærarjobb har ho drive «Forteljarkokeriet». Som forteljar har ho turnert i ti år for Den Kulturelle Skulesekken. Ho har vore på turnè for Sons of Norway i USA, delteke i forteljarslam i Rogaland, Oslo, Stockholm og i New York. Elles har ho jobba for statsarkivet i Stavanger i fleire omgangar. Der har ho gjort historisk kjeldemateriale om til forteljarframsyningar, og mellom anna representert Rogaland under Grunnlovsjubileet i 2014.
Forteller // Anne Elisebeth Skogen
Fortellermønstringer en åpen faglig arena for å se og diskutere muntlig fortellerkunst. Plattformen er programmert via åpen utlysning. I år setter vi søkelys på fortellerforestillinger som enten er nye eller er under utvikling. Alle forestillingene vil ha en samtale i etterkant, ledet av festivalens kunstneriske leder Aslak Moe.