«EG ELSKAR DEG MEIR ENN DU ELSKAR MEG» av Brynjulf Jung Tjønn
Arbeidsvisning
Tirsdag 21. mars 2023
Foto: Maria Kleppe Vihovde
Velkommen til visning av «EG ELSKAR DEG MEIR ENN DU ELSKAR MEG" av Brynjulf Jung Tjønn
Asa og Ana møtest og blir eit par. Dei kjøper bustad saman og får eit barn. Men heile tida har Asa ei kjensle av at Ana betyr meir for han enn han betyr for Ana. Ein dag blir han oppringt av faren, som han har mista kontakten med for lenge sidan. Faren gratulerer Asa med bursdagen, men Asa har ikkje bursdag. Og snart skal det skje ei tragedie i livet til Asa og Ana. Klarar dei å finne ut av alt det vonde saman?
Skodespelarar: Morten Svartvei og Kjærsti Odden Skjeldal
Bynjulf Jung Tjønn (1980) er forfattar, dramatikar og forlagsredaktør i Samlaget. Han er husdramatikar ved dramatikkens hus 2022-23. Les meir om Brynjulf Jung Tjønn