Ikkje berre småtteri

Intervju 14.06.2024 av Adam Tumidajewicz
Eirikfauske web

Eirik Fauske er klar som ny husdramatikar frå hausten av.

Eirik Fauske er typen som har gjort “alt” i teateret. Men som husdramatikar skal han avgrense seg til ein heilt bestemt ting dei neste to åra.

– Det har vore kjempeviktig for meg å ikkje berre vere ein som skriv, men ein som set ting opp òg, ein som kan vera på golvet og hjelpa til i heile produksjonen.

Eirik sette opp sitt første stykke, Gullalðurir, i 2009, som han sjølv regisserte. Så langt i karrierren har han vore på ulikt vis vore innom eit trettitals produksjonar, skreve 9 lengre verk og ein serie omskrivninger for scenen.

– Eg var i Verdal for å ta ei skodespelarutdanning, og så kom eg etterkvart til å skriva sjølv. I etterkant betydde det ein del for meg at eg ikkje var skodespelarforbundsmedlem, og eg følte vel at eg ikkje heilt fekk det til. Eg jobba litt som skodespelar, men tok etterkvart meir utdanning, og så skreiv eg då.

Til orientering er Fauske no medlem i både dramatikarforbundet og norsk sceneinstruktørforeining, og du ser han nok heller bak enn på scena. Med tida har stykka hans samla merksemd og gode meldingar, men særleg ein type tekstar har gitt han ei meirsmak.

– Eg har eigentleg skrive lite dramatikk for barn. Det er i grunn det eg har skrive minst - det blir mest for vaksne.

– «Hundrevis av barn i vill kamp» hadde svensk premiere på Turteatern i Sverige i vinter. Det er lenge sidan eg skreiv «Under barnehagen», det var i 2010-11, men det blir framleis spelt på scena. Det har blitt produsert 7-8 gonger i Tyskland, på både svært store og mindre teater.

– Ein sjeldan gong får eg sett desse oppsettingane. Det er svært givande, og eg tenker då “ah.. dette får eg jo til!”, fortel Eirik.

Så no, som husdramatikar, blir målet å stupa med hovudet først inn i sjangeren. Dei neste to åra skal Fauske dedikera til å berre skriva for barn.

– Eg hadde ikkje kunne gjort dette om det ikkje var for at eg vart husdramatikar no. Det gav meining for meg å avgrensa skrivinga mi til barnedramatikkken.

– Eg vil skriva smått og stort. Eg har lyst til å laga småtteri så å seie, men òg større, lengre verk. Eg har god kontakt med scener og forlag i både Tyskland og Sverige, og ønsker å bruke nettverket på ein god måte.

Aller viktigast for Fauske er det å utfordra litt kva sjangeren kan romme.

– Eg ønsker å skrive underhaldande. Det er veldig lett når me byrjar å snakka om kunst og kultur for barn, at dei liksom skal fyllast på med eit eller anna. Ein ser på dei kanskje som uferdige, at dei må fyllast på.

– Moralisering blir lett, at karakterane lærer noko om difor og slik og sånn. Eg vil gjerne laga drøyare ting for barn. Skrekk kanskje, barna må gjerne bli redd.. Kanskje utfordra forenklinga.

Er det noko spesielt du vil trekkja fram som døme på dette, Eirik?

– Eg har større barn no, men det har rulla og gått barne-TV-ting heime. Dei har all slags kvalitet. “Daniel Tiger-dramatikk”, det er kanskje det verste… Folk som syng at no har eg lært det og det og det var litt vanskeleg, men no er alt bra. Dette skjønnar barn. Ser eg barneteater med barna mine, spør dei ofte om det snart er ferdig når den lange og oppsummerande slutten kjem, der hovudkarakteren endeleg forstår ting og tang. Eg tenkjer det er fristande å hamna der og. Det er fristande fordi ein vil lære barna noko, gjera noko godt.

For Fauske har dramatikken vore inngang til større, alvorlege tema slik som sorg, historie og gongen i tida. Og med slik tematikk har han også evna å fenga teatergåarar utanfor landets grenser, til dømes med den spenstige tittelen «Hundrevis av barn i vill kamp».

– Stykket handlar om ein gut som er på sjukehuset og ser morfaren ligge død i ei kiste. På veg ut sit han på skuldra til far sin, det er vinter og glatt, og så sklir faren og fell bakover, med guten på nakken.

– Men guten treff ikkje bakken, han fell vidare. Ned mot eit hav, der ser han eit skip, og på det skipet er det hundrevis av barn i vill kamp. Det er scener der han ser dei, og scener frå den verkelege verda. Det verkelege og det magiske smeltar saman.

– Eigentlig er det er ein skuffande tittel, for det er ikkje hundrevis av barn i vill kamp!, ler Fauske.

– Men då eg så framsyninga på Turteatern i haust var det ikkje hundre, men kanskje seksti barn, dei skaut rundt på scena, heiv bamsar rundt omkring, det var vakkert og så inspirerande. Det var i tillegg gøy at den vart utsolgt.

Nettopp difor møtar Fauske rolla si som ny husdramatikar med stor entusiasme.

– Eg trur eg kjem til å presentera meir uferdig materiale på huset, slenga ut meir ting. Det skal bli fint å følgja, vera saman med dei andre husdramatikarane og dei andre her på huset, kanskje ikkje alltid at det handlar om kva eg skriv, men om barnedramatikk og litteratur i seg sjølv. Eg vil vera her i eit større spekter enn berre skriving, avsluttar han.