dramatikkens hus
rss Bookmark and Share

Sju dagar i august

Spilleplan:

13.aug 15kl. 17:00  Sju dagar i august

"Sju dagar i august" av Brit Bildøen

Visning 13. august kl. 17

Eit betent flåttbitt, eit fall i trappa, ein valdsam regnstorm, ein invaderande kollega, generelt forfall i nabolaget på Tøyen ... Gjennom sju dagar i august 2019 blir ekteparet Sofie og Otto utsett for ei rekke ubehagelege hendingar som intensiverer det marerittet dei til dagleg lever med: Det at dei mista dottera på Utøya under 22. juli-massakren. Som Sofie seier det: "Det er sant at sorga blir mindre med tida. Det er også sant at sorga blir større."

Og i sju dagar i august 2015, frå 7.-13., skal Brit Bildøen og Marius Kolbenstvedt saman med ulike skodespelarar utforske Bildøens roman i eit scenisk/performativt språk. Både verkstaden på Dramatikkens Hus og ulike byrom vil bli åstad for forskjellige tilnærmingar til handlinga i romanen. Resultatet blir presentert i ei open visning torsdag 13. august kl. 17.

Skodespelarar: Ellen Dorrit Petersen, Valborg Frøysnes, Nicolay Lange-Nielsen og Tommy Iversen.

Brit Bildøen er blant våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga "Bilde av menn" og har sidan gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay. Romanen "Sju dagar i august" blei tildelt P2-lyttaranes romanpris for 2014.

Verkstad på Dramatikkens hus er arbeid i prosess som varar i ein til fleire dagar. Målet er å gi kunstnaren ein plass og ressursar til å skape ny norsk dramatikk. Verkstad endar ofte med ei visning som er gratis og open for publikum.

aid=4055