dramatikkens hus
rss Bookmark and Share

Straff - sørgespel

Spilleplan:

18.okt 12kl. 17:00  Fagsymposium

Straff - paneldebatt

I samband med teaterframsyninga: ”Straff” – sørgespel sitt gjestespill på Dramatikkens hus 18. og 19. oktober,  inviterer Hordaland Teater og Dramatikkens hus til en paneldebatt om straffa sitt vesen. Arrangementet er gratis.

 

I gamle dagar var fengselet ein stad der ein oppbevarte lovbrytarar i påvente av den eigentlege straffa, som kunne vere både brutal og smertefull. Pisking, brennmerking, straffarbeid og avrettingar var vanlege reaksjonar på lovbrot. For oss framstår desse avstraffingane som barbariske, og vi har for lenge sidan erstatta dei med ein langt meir finmaska maktbruk. Å ta fridommen frå dei kriminelle er blitt den måten samfunnet føretrekkjer  å handtere kriminalitet på, og fengselet er den viktigaste institusjonen for dette. Kvifor blei det slik? Kva skal vi med fengselet? Kva er føremålet med straff ? Skal dei innsette ha det vondt eller skal dei rehabiliterast av opphaldet? Og korleis virkar det i praksis?

Kriminalitet og kriminalitetsbekjemping er stadig framme i samfunnsdebatten, men lite blir sagt om sjølve avstraffinga. Media følger så å seie lovbrotet til fengselsporten.

Framsyninga «Straff – sørgespel» går inn bak murane og undersøker korleis straffa virkar på dei som blir utsette for den. I den samanhengen arrangerer Hordaland Teater ein debatt for å setje lys på  problemet frå ei meir akademisk side.  Debattpanelet er samansett av kunstnarar og fagfolk.

Paneldeltakarane er:

Hedda Giertsen er professor i kriminologi ved Universitetet i Oslo. Ho står bak bøkene «K og måter å forstå drap på» og «Liv og lovbrudd. Grove ran, slik utøvere selv ser det» og forskar i dag på tilbodet til kvinnelege rusmisbrukarar innan kriminal- og rusomsorga.

Arild Linneberg er professor i litteraturvitenskap ved Universitetet i Bergen. Han har gitt ut fleire essaysamlingar, skjønnlitteratur og faglitterære arbeid, og har blant anna arbeidd mykje med tilhøvet mellom litteratur, lov og rett.

Tore Vagn Lid er forfattar og regissør av ”STRAFF” – sørgespel.

Arne Klyve er undervisningssjef i Stiftelsen Bergensklinikkene. Han har i heile sitt yrkesliv arbeidd innanfor rusfeltet og har skrive og redigert fleire bøker om rusrelaterte tema.

Les meir om ”STRAFF” sørgespel  på www.hordalandteater.no  og www.straff.blog.com

aid=2444