dramatikkens hus
rss Bookmark and Share

Straff - sørgespel
Straff - sørgespel
Straff - sørgespel
straff - sørgespel
Straff - sørgespel
Straff - sørgespel
Straff - et sørgespel

Spilleplan:

18.okt 12kl. 19:30  Straff - sørgespel
19.okt 12kl. 18:00  Straff - sørgespel

Straff - sørgespel

av Tore Vagn Lid

Hordaland Teater gjestar Dramatikkens hus!






"Straffa ligg gøymd der du minst ventar å finne ho"

Ropa på "straff" og på "strengare straff" går att som grunntonar i historia. Men kva tyder det? Er det lenger tid åleine i små spartanske murrom? Er det bot og betring? Opplæring og rehabilitering? Er det økonomisk avmakt? Er straffa streng når den som skal straffast tryglar om endå strengare straff? Og er straffa over når soningstida er over? Væpna med teoriar, opptakar, kamera, spørjeskjema, kunnskap, fordomar og nervar, søkte det kunstnariske teamet etter dette eine; kva er eigentleg straff? Og etter å ha prøvd å fotfølgja straffa inn i dei mørkaste fangecellene av våre liberale demokrati, kom forfattaren ut att med eit bilete av straffa som eit spel; eit nådelaust og samstundes sørgjeleg spel, der regel nummer ein synast vera at straffa ligg gøymd der du minst ventar å finne ho, og at spelereglane kan skifta fortare enn ein greier å lære seg dei.


MORDAR-BRIKKA: « Så kva spelar vi om?»
FORBRYTARNATUREN: « Kva du spelar om er opp til deg.»
MORDAR-BRIKKA: « Og du, kva spelar du om?»
FORBRYTARNATUREN: «Målet med spelet er å koma seg ut av spelet».
MORDAR-BRIKKA: « Som eit betre menneske?»
FORBRYTARNATUREN: «Nei. Som eit menneske.»

"Tore Vagn Lids sørgespill bringer ubehagelige spørsmål til overflaten. Fortsetter han slik, kan han være i ferd med å gjøre seg selv obligatorisk" Karoline Skuseth, scenekunst.no   http://www.scenekunst.no/pub/scenekunst/main/?aid=1397

Tekst/regi/konsept: Tore Vagn Lid
Scenografi, video og design: Kyrre Bjørkås
Dramaturg: Roar Sletteland
Musikkdramaturgi/arr: Tore Vagn Lid
Video: Aleksander Andreassen
Lyddesign: Mathias Grønsdal
Lysdesign: Fabian den Otter

Skodespelarar:
Tor Christian F. Bleikli
Karoline Krüger
Arild Vestre

Musikarar:
Egil Haugland
Thomas Valeur

Bergens Tidende: "Scenisk modig og viktig debattinnlegg om hva straff bør være".

Frontlosjen.com: "Fengselet er eit spel der ingen av brikkene når målet. Det kjem tydeleg fram i Straff, sørgjespelet på Logen."

 

aid=2424