06.03.10 - Nattsvermar
Lars får ikkje sova. Natta bråkar, og ut ifrå mørkret kjem Nattjenta dansande; ho vil danse Lars - inn i dei mørke krokane. Lars blir med, eit lite stykke , og så blir han livredd. Siste steget skal takast, inn i det mørkaste mørket – men da blir han heilt urørleg. Det bråkar, han får ikkje sova, det finst eit mørkre han ikkje tør møte, men finst det veg tilbake, nå? Og kva hender, om Lars gjer det han er aller mest redd for? Blir han borte?
I mørke, sømnlause natta blir kjenslene sterke, nesten kroppslege: Fantasien spring avgarde. Nett slik er denne framsyninga: Øyrene og augene på stilk, alt kan hende, og hender - og til slutt; roleg pust.
Forestillingen er laget av Gyrid Axe Øvsteng, Un-Magritt Nordseth, Rune Rebne, Ludvig Elblaus, Kathrine Tolo, Jean Vincent Kerebel, Lars Jacob Holm og Anne E. Kokkinn.
Passer for barn mellom tre og fem år.
Forestillingen er er støttet av Norsk kulturråd.
16. - 19. mars besøker Anne Mali Sæther og 19. - 23. april besøker Tiril Pharo til SEANSE med sine prosjekt.
