Verksted: «Gul gut» av Brynjulf Jung Tjønn

Verksted
Gul gut handlar om Olav på ni år som vaknar av at det står ei framand kvinne på rommet hans. Kven er denne kvinna? Når han forsøker å nærme seg henne, så forsvinn ho. På skulen får dei i oppgåve å ta med seg eit babybilete. Men Olav har ikkje noko babybilete. Han kom til Norge då han var tre år og veit ingenting om dei tre første åra av livet hans. Når bestevenninna Oda forsvinn, famlar Olav etter svar: kven er kvinna som oppsøker han om nettene? Og kor er Oda? Og kven er han viss Oda aldri kjem tilbake?

Gul gut handlar om identitet. Om å vere norsk, men likevel ikkje. Om å heite Olav og vere odelsgutt, men ha gyllen hud, kolsvart hår og skeive auge.

Brynjulf Jung Tjønn er en av fem forfattere som er valgt ut til barnedramatikksatsinga på Dramatikkens hus. 8. mars 2019 har han verksted på Dramatikkens hus der han vil arbeide med teaterstykket Gul gut. Med seg i verkstedet har han Kjersti Dalseide, Catarina Vu, Kikki Stormo, Jonas Strand Gravli og Endre Hellestveit.

Foto: Anna Julia Granberg/Blunderbuss